Høgskolen er lokalisert med to studiestader, på Bakkenteigen og Eik, men frå august 2010 vil disse vere samlokalisert på Campus Bakkenteigen. I tillegg har vi studier i Larvik.
Høgskolens visjon er: ”HVE skal være regionalt forankra, nasjonalt leiande på utvalde områder og internasjonalt orientert”.
HVE er først og fremst ein profesjonshøgskole, der grunnutdanning til eit yrke står sentralt. Vi utdannar blant anna ingeniørar, skipsoffiserar, lærarar, førskolelærarar, sykepleiarar og økonomar. Det er stadig utvikling innanfor masterprogramma våre, og fleire er under utarbeiding.
Forutan undervisning kan HVE vise til eit breitt spekter av forskings- og utviklingsarbeid og omfattande kurs- og oppdragsverksemd.
Høgskolen er i dag organisert i 5 faglege avdelingar og ein fellesadministrasjon.
Høgskolen er oppteken av å vere tilgjengeleg for alle. Dersom du har funksjonshemningar, skal du kunne planlegge besøket ditt her ved HVE best mogeleg. Vi anbefaler deg eit besøk på www.byggforalle.no. Desse sidene er eit flott hjelpemiddel ved at du finn informasjon om tilgjengeligheit i offentlege bygg, heriblant detaljar om HVE og eventuelle hindringar på veg til oss.