Ideportalen bringer virksomheter og studenter sammen

Idéportalens sjekkliste for jobbsøknader

Idéportalen formidlar både studentoppgåver og praksismoglegheiter. Skal du søke på desse, bør du vere i stand til å vise bedrifta kvifor dei bør velge nettopp deg til å ta jobben eller utføre oppgåva. Vi har laga ei sjekkliste som kan vere til nytte i søknadsprosessen. Kontakt med arbeidslivet under studietida vil vere viktig å vise til når du er ferdig med studiane. Leit fram spennande oppgåver eller jobbar på www.ideportalen.no, og sett i gang med søkinga!

Våre CV-tips

  • Benytt deg av standardar, og lag ein ryddig og oversiktleg CV. Ikkje ta av med kreativiteten her!
  • Gi ei fullstendig oversikt med informasjon om arbeidsstad, stilling og tidsperiode. Skriv kort kva utdanninga/jobben/vervet går ut på.
  • Få med språkkunnskapar, stikkord om din kompetanse og eventuelle kurs.
  • Legg gjerne ved bilete, men hugs at det må vere passande og ”anstendig”.
  • Legg ved vitnemål og karakterutskrifter, og eventuelt relevante attestar og arbeidsprøver.

Våre søknadstips

  • Start med ein grundig gjennomgang av utlysinga, og noter ned kva dei eigentleg ser etter.
  • Vis at du har kjennskap til bedrifta og arbeidsoppgåvene gjennom det du skriv. Søknaden må vere tilpassa stillinga og arbeidsplassen.
  • Fang merksemda til arbeidsgjevaren frå starten. Vis dei umiddelbart kvifor dei bør velge deg.
  • Gi klart uttrykk for motivasjonen for å søke jobben, og gjerne kva du kan tenke deg å jobbe med etter utdanninga.
  • Unngå oppramsing av erfaringa di. All konkret fakta om jobbar og utdanning leggast i CVen. Vis heller til CVen, og skriv kva dei relevante jobbane/verva/faga har lært deg.
  • Skriv kort, presist og relevant.
  • Ikkje ver beskjeden. Vis sjølvtillit, men unngå sjølvskryt.
  • Underbygg påstandane dine! Alle kan seie at dei er kreative og har stå på-vilje. Kan du bevise det med eit eksempel?
  • Søknaden bør vere på maks 1 side.
  • Les korrektur, og få nokon til å lese gjennom søknaden.

Før du søker, kan det vere smart å ringe kontaktpersonen hos arbeidsgjevaren. Samtalen kan du henvise til i starten av søknaden. På den måten kan du skille deg ut frå mengda av søkarar.

Dersom du oppgir referansar, må du hugse å sende ein førespurnad til referansane først. Dei bør vere førebudde på at dei kan bli kontakta, og gjerne også vite kva du søker på.

Blir du innkalla til intervju, er det lurt å vere reflektert over dine personlege eigenskapar og din faglege kunnskap. Drill deg sjølv i alle tenkelege spørsmål. Hugs på kleskoden, og ikkje minst: Smil!

Ta kontakt med karriererådgjevar på din studiestad for hjelp med søknaden. Mange arrangerer óg jobbsøkarkurs. Lykke til!

Her kan du lese karriererådgjevar ved UiT, André Skrivervik, forklare kva rolle ein sommarjobb kan spele i jakta på ein fast jobb etter endt utdanning.

Tekst og bilete: Hanne Bakken, Idéportalen

 

RSS